Kripos leier den nasjonale identifiseringsgruppa som har til oppgåve å identifisere omkomne ved store ulykker og katastrofar.
Identifiseringsgruppa (ID-gruppa) skal slå fast identitet når fleire menneske døyr samtidig i ei fly-, skred-, flom- eller skipsulykke eller ein annan katastrofe, og når eit ukjent lik eller restar av eit ukjent lik blir funne. Under identifiseringsarbeidet skal gruppa sikre bevis som kan vere av verdi for å slå fast årsaka til og ansvaret for hendinga.Identifiseringsgruppa blei oppretta i 1975 som ei mobiliseringseining. ID-gruppa har knytt til seg kriminalteknikarar, rettsmedisinarar, rettsodontologar, taktiske etterforskarar og kontorpersonell. Gruppa er administrativt lagd til Kripos, men har medlem over heile landet, blant anna i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø.ID-gruppa har ytt hjelp i alle store ulykker i Noreg sidan 1975, blant anna identifiseringsarbeidet etter terrorangrepet 22. juli 2011. Av større identifiseringsarbeid i utlandet kan vi nemne tsunamien i Thailand i 2004. ID-gruppa er medlem av Interpols Disaster Victim Identification Steering Group og gjer i snitt minst to enkeltidentifikasjonar i veka.