Har nokon døydd som følge av ei straffbar handling? Då har dei næraste etterlatne nokre av dei same rettane som den direkte fornærma vanlegvis har. Dei næraste etterlatne blir kalla dei pårørande.

Du kan få meir informasjon hos politiet. Du kan også kontakte kontoret for valdsoffererstatning på telefon 78 98 95 00.

Hos Noregs domstolar finn du informasjon om domstolane. Du kan for eksempel lese om

  • korleis ei rettssak går føre seg
  • kven som er med i ei rettssak
  • kva for krav det er til bevis

Du har rett til informasjon frå politiet

Har du blitt utsett for ei straffbar handling. Har du kontakta politiet? Då skal politiet forklare kva for rettar du har som fornærma eller etterlaten. I mange tilfelle skal politiet også informere deg om korleis saka utviklar seg.

Du kan ha rett til bistandsadvokat og fritt rettsråd

Har du blitt utsett for eit seksuelt overgrep? Eller vald frå dine næraste, menneskehandel, kjønnslemlesting eller tvangsekteskap? Eller har nokon brote eit kontaktforbod eller besøksforbod mot deg? Då kan du ha rett til ein kostnadsfri samtale hos ein advokat. Der kan du få hjelp til å vurdere om du skal melde saka til politiet.

Du har krav på bistandsadvokat viss du melder ei slik sak. Det kan du også ha viss du har blitt utsett for annan kriminalitet. Eit eksempel er viss du har fått kraftige fysiske eller psykiske skadar. Du kan også ha krav på bistandsadvokat viss du av andre grunnar har eit særleg behov for hjelp. Bistandsadvokaten skal vareta interessene dine. Dette gjeld både i samband med etterforskinga og viss det blir rettssak. Advokaten skal også hjelpe deg med å krevje erstatning.

Du har rettar under etterforskinga

  • Du må ikkje forklare deg for politiet viss du ikkje vil.
  • Vil du la deg avhøyre? Då kan du ta med deg ein person du stoler på.
  • Er du fornærma eller etterlaten? Då har du som regel rett til å gjere deg kjend med dokumenta i saka.
  • Gjeld saka vald i nære relasjonar? Då skal du få vite om gjerningspersonen sit i varetekt. Du skal også få beskjed viss personen blir sleppt laus. Vald i nære relasjonar kan for eksempel vere familievald, partnarvald og seksualbrotsverk.
  • Er du redd for at gjerningspersonen skal gjere noko mot deg igjen? Då kan politiet i nokre tilfelle forby personen å oppsøke deg. Det kan også hende at du kan få valdsalarm. Du kan få nærare informasjon om dette av politiet eller bistandsadvokaten.

Du har rett til å vite resultatet av etterforskinga

Meiner påtalemyndigheita at bevisa er gode nok til at personen kan bli dømd? Då blir det tatt ut tiltale. Saka blir dermed send over til retten.

Er saka mindre alvorleg? Då kan det hende ho blir avgjord med påtaleunnlating eller bot. Påtaleunnlating betyr at politiet meiner at det er bevist at personen er skuldig. Av ulike grunnar vil dei likevel ikkje ta ut tiltale mot personen.

Saka kan også bli sendt vidare til eit konfliktråd. Både gjerningspersonen og den fornærma må vere einige i det.

Er ikkje bevisa sterke nok? Då blir saka lagd bort.

Du skal få beskjed viss

  • det blir tatt ut tiltale
  • saka blir avgjord med påtaleunnlating
  • saka blir avgjord ved at gjerningspersonen godtar eit førelegg der kravet er at du skal få erstatning
  • saka blir lagd bort

Du har rett til å klage

Blir saka di lagd bort? Då kan du klage til ein overordna instans. Dette er anten statsadvokaten eller riksadvokaten. Du må sende klaga innan tre veker frå du fekk vite at saka blei lagd bort. Du må klage til dei som bestemte det. Dette er anten politiet eller statsadvokaten. Du kan også klage på andre avgjerder frå påtalemyndigheita. Du kan for eksempel klage på valet av straff i tiltalevedtaket. Du kan også klage på at saka er avgjord med påtaleunnlating.

Du har rettar under rettssaka

Det er aktor som fører saka på vegner av påtalemyndigheita. Aktor er ein politijurist eller statsadvokat. Kva må til for at den tiltalte skal bli dømd og få straff? Det må vere bevist utanfor ein kvar rimeleg tvil at den tiltalte er skuldig.

Alle straffesaker begynner i tingretten. Dette er den lokale domstolen. Du skal normalt bli kalla inn til rettssaka. Du har rett til å vere i rettssalen under heile saka. Du har også krav på betaling for at du møter opp. Som fornærma må du vanlegvis forklare deg i retten. Dette gjeld sjølv om du tidlegare har forklart deg for politiet. I nokre tilfelle kan du be om at den tiltalte må gå ut av rettssalen når du skal forklare deg. I nokre tilfelle kan du også be om at dørene blir lukka for offentlegheita. Det vil seie at det berre er dei som har noko med saka å gjere, som får vere i rettssalen. Er du i nær slekt med den tiltalte? Då kan du sleppe å forklare deg. Mange domstolar tilbyr hjelp og støtte til vitne. Politiet eller bistandsadvokaten kan forklare deg meir om dette.

Den tiltalte eller påtalemyndigheita kan anke dommen frå tingretten til lagmannsretten. I mindre alvorlege saker kan lagmannsretten la vere å behandle anken. Dei mest alvorlege straffesakene i lagmannsretten blir avgjorde i ein meddomsrett. Meddomsretten består av to fagdommarar og fem meddommarar.

Du har rettar etter at dommen er klar

Har det kome ein dom i straffesaka? Då er det påtalemyndigheita som vel om dommen skal bli anka. Du kan likevel gi beskjed om du syns dei bør anke eller ikkje. Er kravet ditt om erstatning tatt med i straffesaka? Då kan du velje å anke denne delen av dommen. Det gjeld også viss sjølve straffesaka ikkje blir anka. Har gjerningspersonen blitt dømd til fengselsstraff? Då kan du ha krav på å få vite når personen skal ha permisjon. Du kan også ha krav på å få vite når personen blir sleppt ut av fengselet.

Du kan ha rett til erstatning

Du kan ha krav på erstatning frå gjerningspersonen. Blir det straffesak? Då kan erstatningskravet ditt normalt bli behandla i straffesaka. Har du bistandsadvokat? Då er det bistandsadvokaten som kjem med kravet på dine vegner. Har du ikkje bistandsadvokat? Då er det påtalemyndigheita som gjer det. Det er viktig at du snakkar med politiet om dette. For du må for eksempel dokumentere kravet ditt. Har du fått erstatning i straffesaka? Då kan Statens innkrevingssentral hjelpe deg med å få pengane dine.

Har du blitt utsett for vald? Då kan du ha krav på valdsoffererstatning frå staten. Blir saka behandla som ei straffesak? Då må du krevje erstatning frå den tiltalte i straffesaka. Elles kan du ikkje få valdsoffererstatning. Vil du vite meir om denne typen erstatning? Kontakt politiet, bistandsadvokaten eller Kontoret for valdsoffererstatning.

På nettsidene til Krisesentersekretariatet finn du brosjyren Juridiske rettigheter til deg som er blitt utsatt for kriminelle handlinger i Norge (PDF). Den er på språka arabisk, bulgarsk, engelsk, kurdisk, norsk (bokmål), russisk, samisk, somali, thai, tyrkisk og urdu.

Ring 800 40 008

Har du blitt utsett for kriminalitet som vald, truslar, hatkriminalitet, seksuelle overgrep eller anna? Ring oss – vi kan forklare deg korleis du kan melde det til politiet. Vi kan også støtte deg gjennom rettssaka. Har du blitt utsett for kriminalitet? Støttesenteret vårt kan hjelpe deg.

Støttesenter for kriminalitetsutsatte