Meldingar til verksemder som er involverte i straffesaker, har fram til no blitt sende som fysisk post. Frå hausten 2026 og gjennom 2027 vil stadig fleire av desse meldingane bli sende digitalt via Altinn.
Døme på meldingar som framover kan sendast og takast imot digitalt via Altinn, er:
Stadfesting på meldt forhold
Underretning om avgjerd i sak
Andre brev knytte til straffesaker
I ein overgangsperiode kan verksemder som er involverte i fleire straffesaker, oppleve at informasjon i éi sak blir send digitalt, medan informasjon i ei anna sak blir send som fysisk post.Dei digitale breva kan lesast av dagleg leiar og personar som har fått fullmakt til å lese «Post til verksemda med teiepliktig innhald».På
finn de informasjon om korleis de kan tildele fullmakter og setje opp varslingar for verksemda.Digital post til verksemder som er involverte i straffesaker, skil seg frå