Målet med undervisingsopplegget er å gje barna (5.-7.klasse) ei forståing av grensesetting, både når det gjeld mobbing og kva som bryt lova, og å gje nokre råd om korleis dei kan ferdast tryggare på nettet.
Gjennom filmen og diskusjonsbolkane vil barna lære meir om kjeldekritikk, åndsverkloven, anonyme profilar, sårbare profilar og kommentarfelt.
Digital mobbing og nettvettI undervisingsopplegget skjer nettmobbinga gjennom Smash or pass-kontoar (også kalla "Hot or Not", der brukaren skal vurdere om dei likar personen på biletet eller ikkje) og Shipping-kontoar (der to personar 'shippast', altså blir sett saman som eit fiktivt kjærastepar).Dette kan vere populært for unge å delta på og kan sjå ut som uskuldig moro. Mange tenker ikkje over at dette kan vere mobbing.