Politiet ber alle som var på Emblemsfjellet om å ta kontakt
Publisert av Møre og Romsdal politidistrikt
Politiet ønskjer kontakt med alle som har vore i området rundt dei to nedbrende hyttene på Emblemsfjellet frå torsdag 15. oktober kl. 16.00 til fredag 16. oktober kl. 07.00.
Bakgrunnen er at det natt til fredag 16. oktober brann to hytter ned til grunnen. Politiet ser brannane i samanheng med fleire andre uoppklarte brannar.– Det er viktig for politiet å få snevra inn gjerningspunktet så mykje som mogleg. Vi ber derfor om at alle som har vore i området rundt dei to hyttene på Emblemsfjellet i dette tidsrommet om å ta kontakt med politiet, seier politiadvokat Magne Kvalvik.Dersom du var i området, ønskjer politiet å vite når du var der, kva du såg, om du såg noko, korleis du var kledd og kven du eventuelt var saman med.– Alle observasjonar kan vere viktige for etterforskinga. Vi oppmodar derfor alle til å ta kontakt, også dersom du ikkje meiner du har sett eller lagt merke til noko spesielt, forklarar Kvalvik.Han rosar samtidig innbyggjarane for tipsa som så langt har kome inn.– Vi har fått fleire interessante tips som vi jobbar fortløpande med å sjekke opp. Alle tips blir vurderte og er svært verdifulle for den vidare etterforskinga, legg Magne Kvalvik til.Politiet ber aktuelle personar ta kontakt på telefon 02800 eller via tipsportalen på politiet.no.