Natt til laurdag 31. oktober ca. 03:10 fekk politiet melding frå ein privat bustad mellom Norheimsund og Øystese, om at to maskerte personar hadde tatt seg inn i bustaden og truga med skytevåpen. Politiet ser alvorleg på hendinga og har starta etterforsking.
Politiet ønsker tips
Politiet ber om at folk som bor mellom Norheimsund og Øystese sjekkar eigne kamera som kan ha overvakingsvideo i tidsrommet kl. 00:00 til kl. 05:00 laurdag 31. oktober. Det same gjelder bedrifter i området med kameraovervaking.
Politiet ber om at alle personar som køyrde mellom Norheimsund og Øystese mellom kl. 02:00 og kl. 04:00 tar kontakt med politiet.
Politiet ønsker å kartlegge alle rørsler i området Børveneset i same tidsrom. Personar som har vore seg utandørs mellom kl. 02:00 og kl. 04:00 i området bes om å melde seg for politiet, uavhengig av om de har gjort observasjonar eller ikkje.
Ta kontakt med politiet på tipstelefonnummer: 47 69 60 60