Lokal trusselvurdering for Vest politidistrikt - invitasjon til digitalt seminar
Publisert av Vest politidistrikt
Måndag 23. november offentleggjer Vest politidistrikt sin nye Lokale trusselvurdering 2026-2027. Politimeister Ane Kvaal inviterer i den samanheng til ope nettseminar.
Digitalt seminar 23. november kl.14:00 - 16:00
Lenke til arrangementet blir publisert her 23. november
Trusselvurderinga skildrar dei viktigaste kriminalitets- og tryggleiksutfordringane vi trur vil påverke distriktet det neste året. Målgruppa for seminaret er alle innbyggjarar og politiets samarbeidspartnarar i distriktet, for eksempel; foreldre, Statsforvaltar og kommunar, frivillige, næringsliv, lærarar, hjelpeapparat, ideelle organisasjonar og trussamfunn, politikarar og media.I tillegg til presentasjon av hovudfunna, har vi invitert spennande gjester frå politiet, næringsliv, kommunar, ungdom og kriminalitetsutsette. Saman søkjer vi svar på spørsmålet:Kva kriminalitetsutfordringar må Vestland som samfunn jobba mot saman det neste året? Seminaret blir streama frå politihuset i Bergen. Det er ingen påmelding – berre gå inn via lenka under. De kan engasjere dykk ved å sende inn spørsmål til deltakarane undervegs.Seminaret blir streama frå politihuset i Bergen. Det er ingen påmelding – berre gå inn via lenka over. De kan engasjere dykk ved å sende inn spørsmål til deltakarane undervegs.Sjølve trusselvurderinga vil bli offentleggjort på våre nettsider politiet.no når seminaret startar. I tillegg til omtale av ulike kriminalitetstruslar, gir politiet gode råd og tips om korleis oppdage og forebygge uønska hendingar.Vi håper så mange som mogleg har høve til å følje seminaret direkte. Dersom det ikkje passar, vil arrangementet bli tilgjengeleg i opptak via same lenke.Vel møtt!Program:
Velkommen og innleiing v/ politimeister Ane Kvaal
Presentasjon av Lokale trusselvurdering 2026-2027 v/seksjonsleiar for etterretning Marthe Gaugstad Birkeland og analytikar Sondre Sognnes Haugen
Panelsamtale om ungdomskriminalitet: Kva ser vi blant ungdom i Vestland?Deltakarar: