Vest politidistrikt legg fram lokal trusselvurdering for 2026-2027
Publisert av Vest politidistrikt
Den same digitale utviklinga ligg bak tre av dei viktigaste kriminalitetsutfordringane i Vest politidistrikt; rekruttering av ungdom, økonomisk svindel og seksuell utnytting av barn.
Korleis påverkar digitalisering kriminaliteten i Vestland? Kva utfordringar møter barn og unge på nett? Og kva betyr utviklinga innan svindel og organisert kriminalitet for innbyggjarar, kommunar og næringsliv?Dette er nokre av spørsmåla Vest politidistrikt tek opp i den lokale trusselvurderinga for 2026-2027, som blir offentleggjord i dag.Den lokale trusselvurderinga skal gi kommunar, næringsliv, samarbeidspartnarar og innbyggjarar eit betre grunnlag for å forstå kriminalitetsutviklinga i Vestland og bidra til målretta førebygging.Kriminaliteten blir stadig meir digitalVurderinga viser at digitalisering påverkar stadig fleire delar av kriminalitetsbiletet. Barn og unge møter risikoar på nett som tidlegare ikkje fanst. Svindel blir meir profesjonell og teknologidreven. Samtidig ser politiet at digitale plattformar blir brukte til både rekruttering, påverking og ulike former for kriminalitet.– Kriminaliteten kjenner i dag færre geografiske grenser enn før. Utviklinga gjer det viktigare enn nokon gong at vi samarbeider om førebygging og delar kunnskap om utfordringane vi står overfor, seier politimeister Ane Kvaal.Eit felles ansvarPolitiet understrekar at tryggleik og kriminalitetsførebygging ikkje er eit ansvar politiet står med aleine.Kommunar, skular, føresette, næringsliv og frivillige organisasjonar spelar alle ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge lokalsamfunn.– Målet med den lokale trusselvurderinga er ikkje berre å peike på utfordringar. Vi ønskjer å gi eit kunnskapsgrunnlag som kan bidra til gode prioriteringar og tettare samarbeid mellom aktørane som arbeider med tryggleik og førebygging, seier Kvaal.Digitalt seminarI samband med offentleggjeringa arrangerer Vest politidistrikt eit digitalt seminar der hovudfunna blir presenterte. Det blir i tillegg panelsamtalar om ungdomskriminalitet, digital svindel og dei digitale truslane barn og unge møter i kvardagen.Målgruppa for seminaret er alle innbyggjarar og politiets samarbeidspartnarar i distriktet, for eksempel; foreldre, Statsforvaltar og kommunar, frivillige, næringsliv, lærarar, hjelpeapparat, ideelle organisasjonar og trussamfunn, politikarar og media.Nettseminaret blir arrangert måndag 23. november kl.14:00. Du kan og sjå det i opptak.