Her finn du informasjon om korleis du melder inn lister over mannskap og passasjerar (crew- og paxlister). Du må gjere dette til dei norske grensekontrollmyndigheitene. Det vil seie politiet.
Slik sender du inn melding før de kjem framEr du førar av eit skip eller fartøy som kryssar den norske grensa? Då skal du på veg til første norske hamn sende inn melding på førehand til politiet. Dette må skje seinast 24 timar før de kryssar grunnlinja og når indre farvatn.I meldinga skal du ha med ei liste over mannskap og passasjerar.
Slik sender du inn melding før de drarEr du førar av eit skip eller fartøy som kryssar den norske grensa på veg frå ei norsk hamn? Då skal du sende inn avgangsmelding til politiet. Denne meldinga skal ha med ei oppdatert liste over mannskap og passasjerar.Du må sende inn avgangsmeldinga før de drar frå siste hamn i landet.
Spørsmål om førehandsmelding av mannskap og passasjerarHar du spørsmål om korleis du melder inn lister over mannskap og passasjerar på førehand? Då kan du ta kontakt med politidistriktet som har ansvaret for den aktuelle grenseovergangen eller hamna.