Notarialstadfesting
Ei notarialstadfesting går ut på å gi eit dokument eller ei underskrift ei offentleg stadfesting.
Når treng du notarialstadfesting?
Skal du bruke dokument i utlandet, vil du ofte bli beden om notarialstadfesting. Det kan også vere nødvendig i andre samanhengar. Som regel vil det vere ei utanlandsk myndigheit, ein organisasjon eller eit firma som ber om at eit dokument må bli notarialstadfesta før dei kan bruke det.
Kven gjer notarialstadfestingar?
Notarialstadfesting blir gjort av notarius publicus. Dette kan vere:
- Tingretten
- Byfogden i Oslo
- Lensmenn, men dette er avgrensa til å stadfeste underskrifter og utferde leveattestar. Det siste kan vere nødvendig for å oppnå for eksempel trygdeutbetalingar frå utlandet.
- Utanrikstenesta
- Sysselmanen på Svalbard
- Direktøren for Registereininga i Brønnøysund kan notarialstadfeste utskrifter frå Brønnøysundregisteret. Direktøren kan også stadfeste rett kopi av dokument i Brønnøysundregistera sine arkiv.
Slik går du fram
Har du blitt beden om å notarialstadfeste eit dokument? Då går du til notarius publicus med dokumentet og forklarer kva du vil ha stadfesta. Du vil då få vite kva for dokumentasjon du må legge fram.
Dei vanlegaste formene for notarialstadfesting er:
Stadfesting av underskrift
Dette blir gjort etter personleg frammøte og framvising av legitimasjon. Pass, bankkort og førarkort av ny type blir godtatt som legitimasjon. Stadfesting av underskrift kan vere aktuelt på: fullmakter til representantar i utlandet, fullmakter og skøyter som gjeld kjøp og sal av eigedom i utlandet,
dokument i samband med adopsjon av utanlandske barn eller dokument som gjeld arv frå utlandet.
Stadfesting av underskrift og signaturrett i firma
Du må møte personleg og vise legitimasjon og firmaattest frå Brønnøysundregisteret. Firmaattesten skal vere original. Normalt må han heller ikkje vere eldre enn seks månader. Det kan for eksempel vere forretningsavtalar, fullmakter eller patentsøknader som kan trenge ei slik stadfesting.
Forsikring på ære og samvit
Blir brukt når du framfor notarius publicus skal forsikre at innhaldet i dokumentet er riktig. Innhaldet i dokumentet vil vise at det er ei slik type stadfesting du treng. Dette er mest aktuelt på dokument til USA og Canada. Du må møte personleg og vise legitimasjon.
Stadfesting av rett kopi
Dette er aktuelt for dokument du skal levere til utanlandske myndigheiter. Du må dokumentere kva du skal bruke kopiane til. Treng du kopi av attestar eller vitnemål som du skal bruke til å søke jobb eller skole? Slike kopiar kan du ikkje få stadfesta hos notarius publicus. Kopiar til slik bruk kan du få attestert hos dei som har laga dokumentet. Du kan også få gjort det hos eit kopieringsbyrå.
Leveattest
Slike attestar blir gitt i samband med utbetaling av pensjon frå utlandet. Du må møte personleg hos notarius publicus og vise gyldig legitimasjon.
Vekselprotestar
Har du ein veksel og vil sikre deg bevis på at vekselen har blitt vist fram til aksept eller til betaling i tide? Det kan notarius publicus hjelpe deg med.