Arnt Owe Røed og Mona Kvernberg.
Arnt Owe Røed og Mona Kvernberg.
FotoIselin Nevstad Øvrelid/ Politiet

1. januar starta Mona Kvernberg og Arnt Owe Røed i nye stillingar som seksjonsleiarar ved Molde politistasjon.

Mona Kvernberg som seksjonsleiar for etterretning, førebygging og etterforsking, og Arnt Owe Røed som seksjonsleiar for vakt og beredskap.

Om Arnt Owe Røed:

Arnt Owe Røed har arbeidd 20 år i politiet, og gjekk ut frå Politihøgskulen i 2003.

Han starta politikarrieren i Asker og Bærum, før vegen vidare gjekk til UP og seinare tilbake til heimtraktene der han arbeidde ved Vestnes lensmannskontor. Seinare gjekk vegen til Molde og ordensseksjonen der, no med namnet vakt og beredskap. Der har han vore skiftleiar som det heitte tidlegare og frå 2018 har han vore avsnittsleiar.

- Eg har alltid vore ein gatas mann. Det har vore det operative faget eg brenn for, fortel Arnt Owe Røed engasjert og utdjupar.

- I jobben møter vi menneske i ulike livssituasjonar, med ulike behov og i kriser. Det er viktig for meg at vi både har kultur for, tid til og ressursar til å møte innbyggjarane våre med dei spørsmåla dei har av smått og stort på ein god måte. Eg ser lyst på 2024 og ser fram til jobben som skal gjerast vidare her, seier han.

Om Mona Kvernberg:

Mona Kvernberg gjekk ut av Politihøgskulen i 2001. Ho jobba dei første ni åra av politikarrieren på ulike lensmannskontor i kombiteneste. Ho var ved tidlegare Gol og Hemsedal lensmannskontor, Nesset lensmannskontor og Vestnes lensmannskontor. Vidare gjekk vegen til Tønsberg politistasjon der ho arbeidde som etterforskar ved valdsavsnittet der. Ho tok utdanning innan det vi i dag kjenner som tilrettelagte avhøyr av barn og sårbare vaksne. Då ho kom heim til distriktet i 2013 fekk ho jobb som teamleiar ved driftseininga i Romsdal innanfor fagfeltet vald og seksuelle overgrep. Dette arbeidde ho med til 2017, då ho var ute av politietaten eit år medan ho arbeidde ved senteret mot incest og seksuelle overgrep (SMISO) i Møre og Romsdal. Der jobba ho blant anna  med opplysingarbeid og reiste rundt for å halde foredrag til elevar, foreldre,  lærarar og barnehagetilsette. Året etter, i 2018, kom Mona tilbake til politiet. Då starta ho som avsnittleiar for vakt og beredskap. Frå mars 2020 til mars 2023 var ho også seksjonsleiar der, før ho gjekk tilbake som avsnittsleiar.

- Eg føler på mange måtar at ringen er slutta når eg no kjem tilbake til seksjon for etterretning, førebygging og etterforsking. Eg gler meg veldig til å kome i gang igjen. Mykje har skjedd på fagfelta dei siste åra. Det at vi arbeider enda meir kunnskapsbasert  gjer at det er mykje nytt å sette seg inn i. Det vert også spanande å skulle leie dei flinke og erfarne medarbeidarane som vi har ved seksjonen, fortel Mona.