Ein klage på politiet vil ikkje ha innverknad på om du har andre pågåande saker, som straffesak, sak hos namsmannen eller sak i forvaltinga.

Slik klagar du på korleis politiet har oppført seg

Send skriftleg klage til politidistriktet der feilen skjedde. Forsøk å få med følgjande når du beskriv det du klagar på:

  • Stad og dato
  • Namn og fødselsnummer på den som klagar
  • Adresse for bustad
  • E-post
  • Telefon
  • Beskriv kva som skjedde, dato og stad for hendinga, namn og/eller tenestenummer på tenestepersonene, eller skildring av tenestepersonene, og øvrige opplysningar du meiner er relevante.

Politimeisteren i politidistriktet avgjer klagesaka, og sender deg eit svar. Det skal stå i svaret om politimeisteren er einig eller ikkje einig i at politiet har gjort noko feil.

Det skal ikkje ta meir enn ein månad å behandle saka. Viss det tek lengre tid, skal du få beskjed om det.

Hvis du ikkje er einig i politimeisteren sin avgjerd, kan du sende klagen tilbake til politidistriktet.

Politidistriktet førebur klagesaka, tek stilling til eventuelle nye opplysningar og sender saka til Politidirektoratet for klagehandsaming.

Her finn du kontaktinformasjon til politidistrikta. 

Slik melder du tilsette i politiet eller påtalemyndigheita

Meiner du at tilsette i politiet eller påtalemyndigheita har brote lova i tenesta, kan du melde forholdet til Spesialeininga for politisaker. Påtalemyndigheita betyr politiet, statsadvokaten eller riksadvokaten.

Slik klagar du på etterforskinga av straffesaker

Meiner du at politiet har gjort ein feil i etterforskinga av ein straffesak? Då kan du klage på det.  Du kan sende ein skriftleg klage til politidistriktet som har etterforska saken. Ver merksam på at i nokre av avgjerdene sett ein frist for å klage.

Har du spørsmål om klage på etterforsking av straffesaker, kan du kontakte politiet der du bur.

Finn næraste politi

Vel stad for å sjå kontaktinformasjon og opningstider

Skriv postnummer eller klikk for din posisjon
  1. Skriv postnummer eller klikk for din posisjon
1 Resultatene er klare. Bruk piltastene eller sveip for å gå opp og ned.