Kriminalitet i arbeidslivet er handlingar som bryt med norske lover om løns- og arbeidsforhold, trygder, skattar og avgifter. Arbeidstakarar kan bli utnytta, og kriminaliteten kan skade samfunnet.
Handlingane kan òg gi lovbrytarane fordelar i konkurransen med andre verksemder.Arbeidslivskriminaliteten har dei seinare åra blitt meir målretta og organisert. Metodane til lovbrytarane varierer. Nokre lovbrot er vanskelege å oppdage. Døme på denne typen kriminalitet er:
svart arbeid – å ikkje betale skatt
sosial dumping – når arbeidstakarar har dårlege vilkår for arbeid og løn
tvangsarbeid
menneskehandel
å unndra skatt – å gi feil opplysningar til myndigheitene slik at ein betaler mindre skatt
kvitvasking – å setje pengar inn i lovleg verksemd som ein har tent ved å bryte lova
Følgjer du lova, gir det fleire fordelar
Du har rett til å klage på arbeid som er dårleg utført.
Du slepp ekstra kostnader.
Arbeidet blir ikkje så ofte forseinka.
Når det skjer ei skade, slepp du som medarbeidar å erstatte skaden. Du slepp òg å ta ansvaret som ein arbeidsgivar har.
Når du vel svarte tenester, risikerer du
å bli meld for å ha hjelpt til med å unndra skattar og avgifter
å bli dømd for å ha delteke i svart arbeid
Arbeidslivskriminalitet heng ofte saman med:
Menneskehandel
Organisert kriminalitet
Økonomisk kriminalitet
Miljøkriminalitet
Nyttige lenker:
Tal og fakta om arbeidslivskriminalitet i Noreg
Regjeringa sin strategi mot arbeidslivskriminalitet