Vest politidistrikt foreslår endringar i organisasjonsstrukturen for dei geografiske driftseiningane. No er forslaga sendt på høyring til kommunane.
Bakgrunnen for forslaga er dei store endringane og utfordringane som samfunnet og norsk politi står overfor i tida som kjem. Ei ny tryggleikspolitisk situasjon, eit stadig meir dynamisk og komplekst kriminalitetsbilete, klimaendringar og aukande førekomst av ekstremvêr, rask teknologisk utvikling og demografiske endringar er noko av det som påverkar korleis politiet må løyse samfunnsoppdraget sitt i samspel med innbyggjarar og samarbeidspartnarar.Offentleg sektor og politiet har fått ulike pålegg om å utnytte ressursane meir effektivt og avgrense underliggjande kostnadsvekst, og ein ventar trongare økonomiske rammer i åra som kjem.Vest politidistrikt har difor gjennomført eit prosjekt der målet er å sikre best mogleg polititenester til befolkninga – både i dag og i åra som kjem innanfor dei rammene vi har til rådvelde.Innstillinga til politimeisterens leiargruppe vart offentleggjort 20. april 2026. Alle kommunar vil anten bli direkte eller indirekte rørte av endringane som er føreslått. Politidistriktet ber no om høyringsinnspel frå alle kommunar i politidistriktet.Hensikta med høyringa er å få kommunane sine innspel til dei føreslege endringane og det vidare samarbeidet mellom kommune og politi i Vest politidistrikt.Fristen for høyringssvar er sett til torsdag 1. oktober 2026. Eventuelle innspel kan sendast til post.vest@politiet.no innan frist.