Enten det gjeld naturkatastrofar, store ulykker eller terrorangrep, kan det vere nyttig å tenkje gjennom korleis du ville ha reagert om du hamna i ein trugande og farleg situasjon. Det kan hjelpe deg til å ta rette val under ei reell hending.
Nødnummer 112Varsle nødetatane dersom du har moglegheit og dei ikkje allereie er på plass. Ved mistanke om eller funn av mistenkelege gjenstandar eller truslar om terrorhandlingar, må politiet varslast så raskt som mogleg på politiet sitt nødnummer 112.Ring politiet 02800For andre førespurnader kan politiet nåast på telefon 02800.Råd i farlege situasjonar
Hald deg roleg og kom deg i sikkerheit
Hjelp til der du kan utan å setje di eiga sikkerheit i fare
Varsle nødetatane dersom dei ikkje er på plass
Hald deg orientert og følg råd frå politiet og andre styresmakter
Bruk mobilen berre til nødvendige samtalar, sidan nettet kan bli overbelasta