Brukthandel
- Nynorsk
- Bokmål
Du treng løyve frå politiet for å drive handel med enkelte brukte varer.
Du treng løyve for å drive handel med
- varer av edelt metall
- edelsteinar og perler
- kulturminne
- kunstverk, samleobjekt og antikvitetar
- motorvogner og tilhengjarar til motorvogner
Last ned søknadsskjema
Slik gjer du
Når du har løyve
- Dersom det er endringar i leiinga i føretaket, skal du melde frå til politiet så snart som mogleg. Send endringane per post eller e-post til politidistriktet som har gitt løyvet.
- Dersom det er endringar i føretaket, til dømes endring av namn, organisasjonsnummer, forretningsadresse, oppbevarings- eller utsalsstad, må alle som har løyve knytt til verksemda sende inn ein ny søknad.
- Dersom du ønskjer å drive handel med ei anna varegruppe enn du har fått løyve for, må du sende ein ny søknad.
- Løyvet kan vere gyldig berre i ein avgrensa periode.
- Når du skal fornye løyvet, skal du bruke det same søknadsskjemaet som då du søkte første gong.
- Send inn søknaden minst 3 månader før løyvet ditt går ut.
Finn kontaktinformasjon og åpningstider til nærmeste politi
Velg posisjonen din eller skriv inn sted eller postnummer.