This page is not available in your selected language.
Møre og Romsdal politidistrikt inviterer til nettmøte med tema hatefulle ytringar
Beskyttelse av demokrati og ytringsfridom er eit felles samfunnsansvar. Politiet har ei sentral rolle i å verne om demokrati og ytringsfridom ved å sikre ei trygg gjennomføring av val og valkamp til hausten. Derfor inviterer politidistriktet til nettmøte om temaet.

Etterretningsproduksjon er hjørnesteinen i dette arbeidet. Hat og trugslar mot politikarar – irekna ungdomspolitikarar, er ei alvorleg samfunnsutvikling. Det er alvorleg for den som er råka, for deira næraste og for demokratiet.
Hatefulle ytringar og trugslar kan lett medføre at dei som deltek i det offentlege ordskiftet blir utrygge og tause. Ein kvir seg for å ytre seg, vegrar seg for å ta kontroversielle standpunkt og mange trekkjer seg unna politisk arbeid. I siste instans er det ytringsfridomen og demokratiet som taper på dette. Vi ønskjer at dei som vert utsette for hat og trugslar, skal kjenne at det blir tekne på alvor av politi og rettsvesen.
Til hausten er det stortings- og sametingsval, og Møre og Romsdal politidistrikt vil derfor invitere folkevalde, politisk tillitsvalde og andre samfunnsdebattantar til nettmøte med tema hatefulle ytringar.
Tid: Fredag 13. juni, kl. 10.00 - 12.00
Ta kontakt med stab for kommunikasjon for å få tilsendt møtelenkje: kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no
Agenda:
- Innleiing ved politimeister Ingar Bøen
- Erfaringsdeling frå politikken
- Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE) og PST lokalt:
- Situasjonsskildring
- Felles operativ teneste (FOT): Korleis politiet arbeider med å trygge valet og valkampen
- Felles eining for påtale: Straffbare forhold:
- Kva er straffbart?
- Rådgjeving
- Korleis gå fram ved anmeldelse
- Prioritering
- Førebygging og andre tiltak