Her kan du lese om kva opplysningar vi samlar inn, korleis vi gjer det, og kva vi nyttar dei til. Politiet.no lenkjer til andre publikumstenester, som søknad om politiattest, tips (Kripos) og timebestilling for pass. Desse har eigne personvernerklæringar.

Kva er personopplysningar?

Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som ein kan kople til ein person, til dømes namn, bustad, telefonnummer, e-postadresse eller IP-adresse. Ein reknar også opplysningar om korleis du nyttar politiet.no, som personopplysningar så lenge dei kan koplast til deg som enkeltperson.

Behandlingsansvar

Som såkalla behandlingsansvarleg etter politiregisterlova er Politidirektoratet ansvarleg for handteringa av personopplysningar som vert samla inn ved bruk avpolitiet.no. Handtering av personopplysningar skal skje i tråd med personopplysningslova.

Firmaet Basefarm sørgjer for sjølve drifta avpolitiet.no, og ein eigen databehandlaravtale mellom politiet og Basefarm regulerer kva opplysningar leverandøren har tilgang til, og korleis dei skal behandlast. Det er berre Politidirektoratet og Basefarm med underleverandørar som har tilgang til opplysningane som vert samla inn.

Her finn du kontaktinformasjon til Politidirektoratet.

Rettigheter

Alle som spør, har krav på grunnleggjande informasjon om behandlinga av person­opplysningar i ei verksemd etter personopplysningslova § 18 1. ledd. Denne grunnleggjande informasjonen om handteringa av personopplysningar i politiet.no får du her i denne erklæringa. Her finn du meir om innsyn og postjournal.

Kva slags informasjon samlar vi inn?

Vi samlar inn opplysningar som du gjev til oss, og opplysningar om korleis du brukar politiet.no.

Du gjev sjølv opplysningar til oss:

  • når du sender inn eit tips eller ei politimelding viapolitiet.no, eller når du legg inn informasjon i eit skjema påpolitiet.no
  • når du gjev oss tilbakemelding gjennom tenesta ("Fann du det du leitte etter?")

Opplysningar vi lagrar om din bruk av politiet.no:

  • Kva for teknologi du brukar. Vi registrerer om du brukar nettstaden på ein PC, eit nettbrett eller mobil, kva nettlesar du nyttar, IP-adressa, nettverksoperatøren, blant fleire døme.
  • Kva sider som vert besøkt. Vi nyttar analyseverktøyet Google Analytics til å hente inn IP-adressa til dataeininga di. Vi sørgjer for at IP-adressa vert anonymisert før ho vert lagra av Google, slik at dei ikkje kan identifisere deg som enkeltbrukar.
  • Kva du søkjer etter. Episerver Find er søkemotoren påpolitiet.no. Når du søkjer etter informasjon påpolitiet.no, vert IP-adressa di og det du søkjer etter sendt til Episerver Find i lag med informasjon om kva søkjeresultat du klikkar på.
  • Kvar du er. Vi registrerer din geografiske posisjon ut frå IP-adressa di eller ved bruk av andre former for lokalisering, som geolokasjon. Vi lagrar ikkje denne informasjonen, og nyttar han berre til å gje deg tilpassa innhald, slik som nyheiter eller informasjon om eit tema. Du kan velje å ikkje godta at vi bruker geolokasjonen din. Då kan du oppleve at innhaldet ikkje vert så godt tilpassa.
  • Kva for politidistrikt og kommune du nyttar informasjon frå. Vi lagrar informasjon om kva for politidistrikt og kommune du ønskjer informasjon frå, i ein informasjons­kapsel som vert lagra på eininga di. Dette skjer når du besøkjer ei side med tilpassa innhald. Om du vel å skru av funksjonen for lagring av informasjonskapslar, får du ikkje innhald tilpassa det aktuelle politidistriktet.

Kva vert informasjonen brukt til?

Vi lagrar ikkje personopplysningar lengre enn det som er naudsynt for å oppfylle formålet med behandlinga. Opplysningar om korleis du bruker tenestene, vert ikkje delt med andre til andre formål enn drift avpolitiet.no.

Her er dei viktigaste formåla vi nyttar opplysningar til:

  1. Forstå behov for informasjon gjennom statistikk. Vi samlar inn informasjon om bruken av nettstaden og analyserer denne for å betre og vidareutvikle tenesta vår. Formålet er ikkje å spore bruken av nettstaden til deg som enkeltperson.
  2. Tilpasse innhald basert på kvar du er. Vi vil gje deg tilpassa innhald basert på kva for politidistrikt og kva for kommune du ønskjer informasjon frå.

Samtykke til lagring av informasjonskapslar (cookies)

Ved å brukepolitiet.no samtykker du til at vi lagrar informasjonskapslar lokalt i din nettlesar. Vi nyttar til dømes informasjonskapslar til å lagre kva for politidistrikt du bruker informasjon frå. Det gjer det enklare for oss å gje deg informasjon som er tilpassa staden du er på.

Du kan avgrense lagring av besøksdata

Du kan avgrense behandlinga av opplysningar om deg. Politiet.no vil då ikkje i like stor grad vere tilpassa ditt behov.

Du kan reservere deg mot at besøka dine vert registrert i Google Analytics ved å installere eit tillegg i nettlesaren din. Det gjer du ved å laste ned Google Analytics Opt-out Browser Add-on. Du kan reserver deg mot sporing i EPiServer Find ved å nytte "Do Not Track"-funksjonen i nettlesaren din. Dei fleste nettlesarar er sett opp til å akseptere informasjonskapslar automatisk, men du kan sjølv endre innstillingane slik at informasjonskapslar ikkje vert akseptert. Hugs at dette kan føre til atpolitiet.no ikkje fungerer optimalt. Dei same innstillingane let deg vanlegvis velje kva nettstader du vil tillate informasjonskapslar frå, inkludert tredjepartar med tilknyting til nettsidene. Du kan også be om å bli varsla kvar gong ein ny informasjonskapsel vert lagra.

Slik går du fram for å slette informasjonskapslar i ulike nettlesarar

Den nøyaktige framgangsmåten avhenger av utstyret ditt og kva nettlesar du bruker:

Meldingar og tips

Når du leverer meldingar og tips viapolitiet.no, skjer det via e-post.

Når politiet tek imot meldinga, vert opplysningane behandla. Så vert e-posten sletta.

Tredjepartsverktøy som vert nytta på politiet.no

Vi nyttar fleire tredjepartsverktøy for å administrere og tilby tenester på nettstaden:

  • Google Tag Manager og Google Analytics. Desse tenestene nyttar vi for å innhente data og analysere bruken av nettstaden.
  • Episerver Find. Vi nyttar tenesta som søkemotor.
  • Geocoder fra OpenCageleverer geolokasjonsdata. Vi nyttar tenesta for å finne adressa du søkjer etter, og kva kommune du er i, dersom du tillét ustyret ditt å dele posisjonen din. https://geocoder.opencagedata.com/terms
  • Kartverket sine karttenester "Søk i adresseregistre" og "Hurtigsøk på stedsnavn". Vi nyttar desse tenestene for å finne adressa du søkjer etter.
  • Postnummer fra Posten. Vi nyttar denne tenesta for å finne det lokale lensmannskontoret eller politistasjonen der du er. Vi har kopla Postens postnummerregister saman med tenesta Geocoder for å hente fram den nærmaste tenestestaden.