Du arvar ikkje retten til å ha våpenet. Du må søke politiet om løyve til å ha våpenet.

Dette skjer når ein som eig eit våpen, døyr: Bustyraren er den som tar seg av dødsbuet eller eigedomen til den som er død. Han eller ho får ansvar for kva som skjer vidare med våpenet. Dette ansvaret kan arvingane også gi til ein annan person ved å gi denne personen fullmakt. Han eller ho skal snarast sørge for at du får våpenet. Vil du ikkje ha våpenet, sørger han eller ho for å få det selt, plombert eller destruert. Å plombere våpenet vil seie å sikre det slik at du ikkje kan bruke det. Å destruere våpenet vil seie å øydelegge det.

Det er fleire måtar du kan arve eit våpen på. Du er livsarving viss du arvar våpenet av ein slektning i rett line frå deg. Det kan for eksempel vere barna, foreldra eller besteforeldra dine. Du kan også arve våpen frå ein slektning utan livsarvingar. Eller du kan få eit våpen testamentert til deg.

Dette kan du gjere:

Du må søke om våpenløyve viss du vil ha våpenet.

Hugs dette:

  • Alle må søke politiet om løyve. Dette gjeld også viss du har arva ei uregistrert hagle som blei kjøpt før 1. oktober 1990. Det er straffbart å overta våpen utan løyve frå politiet.
  • Har du arva fleire våpen? Du må søke om våpenløyve for kvart våpen du arvar.
  • Du må vere 18 år for å ha rifle og hagle. Du må vere 21 år for å ha pistol og revolver.
  • Du må ha god vandel.
  • Du må vanlegvis skrive kvifor du treng våpenet, for eksempel til jakt eller konkurranse. Du må også dokumentere behovet ditt. For eksempel må du vere ført inn i Jegerregisteret viss du skal bruke våpenet til jakt. Du må også dokumentere at du er konkurranseskyttar viss du skal bruke våpenet til konkurranse.
  • Er du livsarving? Då kan du søke om løyve til inntil tre jaktrifler eller hagler utan å dokumentere behovet ditt (sjå punktet over).
  • I særlege tilfelle gjeld dette også for pistolar, revolverar og våpen som ikkje er lov å bruke til jakt. Her gjeld ikkje regelen om inntil tre våpen.
  • Du kan søke om løyve til å overta eit våpen sjølv om du og den som er død, ikkje er i slekt i rett line frå kvarandre. Den som er død, kan for eksempel vere ein ektefelle eller eit søsken. Du må ha ein god grunn til å arve. Våpenet kan for eksempel ha personleg verdi for deg, det vi kallar affeksjonsverdi.
  • Er det fleire som tar over dødsbuet? Då treng du fullmakt frå dei andre arvingane om at dei seier frå seg retten til å eige våpenet. Du legg fullmaktene ved søknaden.

Vil du ha våpenet, men ikkje bruke det? Då kan du plombere det slik at du ikkje kan bruke det igjen. Det kan du også viss du får avslag frå politiet på våpensøknaden.

Hugs dette:

  • Du må kontakte politiet for å få lov til å ha våpenet fram til det er plombert.
  • Reglane er slik at berre ein godkjend børsemakar kan plombere våpenet.
  • Du må sende ei stadfesting på at våpenet er plombert. Du sender stadfestinga til politidistriktet der du har den folkeregistrerte adressa di.
  • Politiet kan krevje at du møter opp hos dei og viser at våpenet er plombert riktig.

Du kan velje å øydelegge eller destruere våpenet. Då må du levere inn våpenet til destruksjon hos næraste politistasjon eller lensmannskontor. Det er gratis. Hugs å få kvittering når du har levert inn våpenet ditt.

Du kan selje våpenet du har arva.

Hugs at du må

  • selje våpenet til ein kjøpar som har gyldig våpenløyve for dette våpenet, eller
  • til ein godkjend våpenforhandlar.

Finn næraste våpenkontor

Finn opningstider og kontaktinformasjon for å hente våpensøknad eller levere inn våpen til destruksjon.

Posisjonen din
  1. Posisjonen din
1 Resultata er klare. Bruk piltastane eller sveip for å gå opp og ned.