Du søker ikkje om våpenkort. Politiet sender det til deg i posten når du har fått våpenløyve. Då har vi også registrert våpenet ditt i våpenregisteret. Her søker du om våpenløyve.

Meld frå til politiet viss du mistar våpenkortet ditt. Viss du har mellombels våpenkort, må du hugse å fornye det. For klubbvåpen kan vi sende eitt våpenkort til staden der alle våpena er samla.

Last ned melding

Meld tapt eller forny våpenkortet

  1. Last ned og fyll ut meldinga om mista våpenkort (55 kB).
  2. Send søknaden per post eller på e-post til politidistriktet der du har den folkeregistrerte adressa di.
  3. Du får nytt våpenkort i posten.

  1. Send ei skriftleg melding om at du vil fornye det mellombelse våpenkortet ditt. Meldinga må innehalde
    • heile namnet ditt,
    • fødselsnummeret og personnummeret ditt,
    • datoen og underskrifta di.
  2. Legg ved ei stadfesting på at du framleis er medlem i skyttarlaget eller foreininga. Legg også ved dokumentasjon på at du framleis er aktiv i skyttarlaget eller foreininga.
  3. Send søknaden og dokumentasjonen per post eller på e-post til politidistriktet der du har den folkeregistrerte adressa di.