Våpenpasset gjeld i fem år. Du må eige våpenet for å ha det i våpenpasset.

Last ned søknadsskjemaet

Søk, forny eller meld frå om tapt våpenpass

  1. Du må ha våpenløyve for å få våpenpass.
  2. Last ned og fyll ut skjemaet for søknad om europeisk våpenpass (308 kB).
  3. Det er gratis å søke om våpenpass.
  4. Legg ved eit bilete som oppfyller krava for passfoto. Bruk ein fotograf eller ein automat for passfoto.
  5. Send søknaden til politidistriktet der du har den folkeregistrerte adressa di.

  1. Send ei skriftleg melding om at du vil fornye våpenpasset. Meldinga må innehalde
    • heile namnet ditt,
    • fødselsnummeret og personnummeret ditt,
    • datoen og underskrifta di.
  2. Send meldinga per post til politidistriktet der du har den folkeregistrerte adressa di. Hugs å legge ved våpenpasset du vil fornye.

Viss våpenpasset har gått ut på dato, må du søke om nytt våpenpass.

  1. Send ei skriftleg melding om at du har mista våpenpasset ditt. Meldinga må innehalde
    • grunnen til at du ikkje har våpenpasset lenger,
    • heile namnet ditt,
    • fødselsnummeret og personnummeret ditt,
    • datoen og underskrifta di.
  2. Last ned og fyll ut skjemaet for søknad om europeisk våpenpass (308 kB).
  3. Legg ved eit nytt bilete som oppfyller krava for passfoto. Bruk ein fotograf eller ein automat for passfoto.
  4. Send meldinga om tapt våpenpass, den nye søknaden og passfotoet per post til politidistriktet der du har den folkeregistrerte adressa di.