Christina Cèline Fleisje Straumfors
Christina Cèline Fleisje Straumfors

Christina har arbeidd som førebyggar i politiet sidan våren 2024 og ho har også tidlegare arbeidd ved Ålesund politistasjon før ho overtok som politikontakt for Sula kommune.

Politikontakten i kommunen er eit viktig kontaktpunkt mellom politi, innbyggjarane og dei ulike aktørane elles i kommunen. Som politikontakt har blant anna Christina Cèline Fleisje Straumfors kontakt med SLT-koordinator i kommunen. SLT står for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak.

– I det førebyggande feltet hos politiet har vi eit breitt oppgåvesett, men vi har eit ekstra fokus på barn og ungdom. Vi ønskjer å sette lokalmiljøet og foreldre i best mogleg stand til å takle utfordringar. Her ønskjer eg å bidra til å både dele kunnskap og skape gode samarbeid framover, fortel ho engasjert.

Straumfors understrekar både kor viktig samarbeidet med kommunen er, som sit på verktøykassen over tiltak på både kort og lang sikt, men også samarbeidet med lokalmiljøet for å oppnå god effekt. Då tenkjer ho særskild på at befolkninga må melde ifrå om kva dei opplever av kriminalitetsutfordringar og uønska hendingar.

– Eg vil samstundes oppmode lokalsamfunnet om å bry seg, og å engasjere seg i korleis vi saman kan løyse utfordringar. Barn og ungdom er framtida vår, og det er derfor spesielt viktig å sikre framleis gode oppvekstvilkår i Sula kommune, seier ho avslutningsvis.