Tina Marita Vestre
Tina Marita Vestre er ny leiar ved Statens barnehus.
FotoPolitiet v/ Iselin Nevstad Øvrelid

Vestre har fungert i stillinga etter at tidlegare leiar gjekk av med pensjon i vår og frå 1. juli fekk ho fast stilling.

Tina Marita Vestre har arbeidd som seniorrådgjevar i Møre og Romsdal politidistrikt sidan 2012 då Statens barnehus vart etablert i Ålesund. Ho kom då frå stillinga som rådgjevar ved Bufetat, som har ansvaret for det statlege barne- og familievernet. Vestre er utdanna barnevernspedagog og har ein mastergrad i politivitskap frå Politihøgskolen.

– Eg går inn i rolla med høg motivasjon og arbeidsglede, seier Tina Marita Vestre som no får leie ein seksjon ho kjenner godt.

– Det gir meg eit trygt fundament i den nye rolla at eg veit at eg har ei solid medarbeidargruppe ved barnehuset med meg for å løyse samfunnsoppdraget vårt på ein god måte, legg Vestre til.

Kva er oppgåvene til Statens barnehus?

Statens barnehus har som hovudoppgåve å gi eit heilskapleg og trygt tilbod til barn, ungdom og sårbare vaksne som kan eller har vore utsette for eller har vore vitne til vald eller seksuelle overgrep i politianmeldte saker.

Dei mest sentrale oppgåvene til Statens barnehus er blant anna å gjennomføre tilrettelagte avhøyr med spesialutdanna avhøyrarar, medisinske undersøkingar med spesialkompetanse, oppfølging og behandling, råd og rettleiing, i tillegg til koordinering og samarbeid med relevante instansar og samarbeidsaktørar.

Ei styrking av tilbodet

Det blir arbeidd med etablering av ei underavdeling av Statens barnehus i Ålesund, i Kristiansund. Dette for å styrke tilbodet til barn og unge som har vore utsett for vald og overgrep, spesielt i område med lange reiseavstandar.

– Målet er å redusere belastinga for barn og unge ved å tilby tenester nærmare der dei bur, og sikre at rettstryggleiken og hjelpa dei får er godt koordinert og tilgjengeleg, seier leiar Tina Marita Vestre.

Arbeidet med etableringa er i prosess og underavdelinga skal også ha eigne tilsette.

– Det betyr at barnehuset i Møre og Romsdal vil få eit større og meir robust fagmiljø. Planlegging og førebuingar knytt til arbeidet med etableringa vil naturlegvis ha høg prioritert framover, avsluttar den nye leiaren.