– Vi ønskjer at innbyggjarane som sit på bilete eller video som viser teikn til skade på det lokale økosystemet, til dømes død fisk eller påverka dyreliv, sender dette til politiet. Dette vil styrke dokumentasjonen i etterforskinga. Området rundt anlegget i Eidsvåg, i og langs Langfjorden og Eresfjorden er av særleg interesse, seier påtaleansvarleg, Sandra Grøtta Krakeli.

Vi ber folk som kan ha slikt materiale om å sende det inn via politiet sin tipsportal: https://tips.politiet.no/app/generell

Politiet i Møre og Romsdal er i ei innleiande fase av etterforskinga. Det er mellom anna sett i gang kriminaltekniske undersøkingar på anlegget og i området rundt, og avhøyr av vitne. Politiet vil også undersøke årsaka til utsleppet og om det kan ha skjedd brot på regelverk eller andre forhold som gir grunnlag for strafferettsleg ansvar.

– Det som er viktig for politiet no er å samle inn så mykje informasjon som mogleg. Sjølv om det har vore mykje omtale i media og fleire bilete har sirkulert offentleg, treng politiet fleire og meir direkte observasjonar frå folk i området. Mengda og variasjonen i dokumentasjonen kan vere avgjerande for å få eit fullstendig bilete av konsekvensane, seier påtaleansvarleg, Sandra Grøtta Krakeli.