Oppdraget frå Justis- og beredskapsdepartementet i 2006 om å opprette Statens barnehus hadde "barnets beste" og styrka rettstryggleik for dei involverte som utgangspunkt. Med dette som rettesnor har det lenge vore eit ønske om ei underavdeling i Kristiansund, for å redusere belastninga ved lange reiser for barn og sårbare vaksne nord i distriktet. No har Politiets fellestenester på vegner av Statens barnehus gjennomført ein anskaffingsprosess for å sikre gode og trygge lokale for underavdelinga i Kristiansund.

Det er inngått ein 15-årig leigeavtale med Eiendom Nordvest I AS. Lokala ligg i Fosnagata 13, sentralt plassert nær Campus Kristiansund og Kristiansund politistasjon.

Statens barnehus skal sikre at barn og andre særleg sårbare grupper som kan ha vore utsett for vald eller seksuelle overgrep, får god og koordinert oppfølging utan unødig belastning i samband med politiavhøyr. Målet er at barn og sårbare vaksne skal sleppe å oppsøke fleire tenester for å fortelje si historie gjentekne gonger.

Underavdelinga vil ha eigne tilsette i lokala som er nødvendig for å fylle barnehuset sine oppgåver. Etableringa er eit viktig steg i arbeidet med å styrke tilbodet til målgruppa i regionen.

      Det er mange som har jobba hardt for dette prosjektet. Inngåinga av leigeavtalen markerer ein viktig milepæl. Vi er derfor glade for å kunne dele nyheita, og ser fram til å dele meir om framdrifta framover, seier Linn Breivik Erstad, leiar for felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking i Møre og Romsdal politidistrikt.

Presseførespurnader:

Prosjektet er eit samarbeid mellom Politiets fellestenester (PFT) og Møre og Romsdal politidistrikt.

Spørsmål om barnehuset sitt mandat og intensjon:
Møre og Romsdal politidistrikt – pressekontakt:
+47 990 94 670
kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no

Spørsmål om bygg og leigekontrakt:
Politiets fellestenester – pressekontakt:
+47 40 03 35 44
info.pft@politiet.no