Politiet har fortsatt behov for tips om drap i Arna
I samband med drapsetterforskinga etter ei valdshending i Arna 22:26 søndag 8. februar ønsker politiet tips frå publikum.
Politiet ønsker kontakt med personar som har vore i området eller som har køyrd eller hatt parkert bil med kamerautstyr.
Vi har oppretta eit dedikert telefonnummer kor ein kan ta kontakt med politiet.
Telefonnummeret er 47 69 60 60
Du kan og bruke tipsløysinga her på nettsida
Send inn tips. Du kan og laste opp bilde eller video på denne sida.
- Politiet ønsker altså at personar som har vore i området Åsheimdalen i Arna i tidsrommet 14:00 søndag kveld til midnatt natt til måndag om å ta kontakt.
- Tilsvarande ber vi at personar som har dashbordkamera og har køyrd i området Arna frå kl. 20:30 til midnatt lagrar opptaka inntil vidare og tar kontakt. Erfaring tilseier at lagringstida er kort.
- Politiet ønsker også at personar sjekkar om parkerte biler innafor markeringa har filma i aktuelt tidsrom.
Ta kontakt dersom du har video eller spørsmål om lagring.
