Henta tilbake nærmare førti millionar kroner i 2025
I løpet av 2025 sikra politiet i Møre og Romsdal at nærmare førti millionar kroner vart tilbakeført til sine rettmessige eigarar. Dette er pengar som vinningskriminelle og kriminelle nettverk over heile verda har lurt frå verksemder og privatpersonar i fylket vårt gjennom grov økonomisk kriminalitet.

Sjølv om politiet ikkje alltid klarer å straffeforfølge dei som står bak, viser det at systematisk arbeid med å følgje pengestraumane på tvers av landegrenser gir resultat for norsk politi.
Kriminelle nettverk og andre vinningsforbrytarar utnyttar systemiske sårbarheiter i samfunnet og undergrev samfunnsstrukturane våre. I arbeidet med nedkjemping av kriminalitet der moglegheita for profitt er stor, er inndraging eller tilbakeføring av utbytte eit viktig verkemiddel for politiet i kampen mot profittmotivert kriminalitet.
Ei av sakene der politiet har klart å sikre og tilbakeføre store pengebeløp er Tyrkia-saka der ei kvinne frå Romsdal vart lurt med til Tyrkia og gjennomførte banktransaksjonar for nesten 3,5 millionar kroner. Kvinna fekk tilbakeført alle pengane sine. Ei dansk kvinne er tiltalt for blant anna grovt bedrageri, fridomsrøving og organisert kriminalitet.
Direktørsvindel er ein utbreidd metode
Når det gjeld profittmotivert kriminalitet mot verksemder går direktør- og fakturabedrageri igjen som metode. Det er ei form for bedrageri som er kjenneteikna av at personar som gir seg ut for å vere direktør i eit selskap, tek kontakt med underordna i selskapet og manipulerer vedkomande til å foreta urettmessige transaksjonar.
Ofte kan det gå ei tid før verksemda oppdagar kva ein har blitt utsett for. Dermed er det lettare for dei som står bak å få pengane til å "forsvinne". Metodane vert også ofte meir slue og avanserte.
– Det kan verke håplaust, men slik er det ikkje. Politiet har gode reiskap og vi har sikra pengar over heile verda gjennom godt internasjonalt politisamarbeid og samarbeid med utanlandske styresmakter. Politiet har utvikla eit metodikk for å angripe desse bedragerisakene som gjer det lettare å få tak i pengane som er på avvege. Her spelar Europol, Eurojust og Interpol viktige roller for norsk politi i å koordinere innsatsen, forklarar avsnittsleiar for økonomi- og miljøkriminalitet i Møre og Romsdal politidistrikt, Marius Haugland Martinsen.
Han får støtte frå politioverbetjent, Sverre Humberset Hagen, som også jobbar med etterforsking av grov økonomisk kriminalitet.
Nedkjemping av bedrageri er viktig då både enkeltpersonar og verksemder blir hardt ramma. Omtrent alle som utfører eller gjer forsøk på å utføre digitale bedrageri sit i utlandet og er ein del av store kriminelle nettverk. Desse personane forledar dei fornærma til å overføre pengar ut av Noreg som igjen spreiar pengane vidare for å gjere sporinga vanskeleg.
– Denne kvitvaskinga er organisert, avansert og sjølve motoren for organisert kriminalitet. Summen av dette gjer at det er ei betydeleg utfordring for politiet, legg Humberset Hagen til.
Kriminalitet som handelsvare
I dei store kriminelle nettverka av profesjonelle kvitvaskarar, driv dei med kriminalitet som handelsvare eller "crime as a service", der ulike personar sit i ulike celler, har ulike roller, tek oppdrag som stråmenn og profesjonelle medhjelparar, som skal gjere det utfordrande å avdekke kven som står bak.
– Svært mange bedrageri i dag vert gjennomført ved bruk av internett, og når bedrageri i større grad vert gjennomført over landegrensene gjeld ulike jurisdiksjonar. Det er ikkje uvanleg at den fornærma er i eit land, bedragaren i eit anna land, og at transaksjonane skjer mellom eit eller fleire tredjeland og overført til fiktive selskap. Dette blir gjort for å sørgje for at vi skal ligge eit steg bak dei heile vegen, legg Haugland Martinsen til.
Politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik er påtaleansvarleg i fleire av desse grove økonomiske kriminalitetssakene, der politiet har klart – på tross av byråkrati og med godt rettsleg samarbeid, å få fryst pengane i tredjelanda dei har enda i.
– Det nyttar å ta kontroll. Vi har saker der vi har klart å finne att fleire millionar kroner, og fornærma verksemd eller enkeltperson får tilbakeført heile beløpet. Det tek tid, men det nyttar, fortel Grimstvedt Kvalvik.
Anmelde tidleg er avgjerande
Dei tre meiner det er all grunn til at verksemdene i distriktet vårt er klar over risikoen av å bli utsette for bedrageri og førebygger at det kan skje. Bedrageri skjer både små, store og mellomstore verksemder. Særskild utsette er selskap som er avhengige av underleverandørar eller som har mykje kontakt eller driv handel til utlandet. Her er næringslivet i fylket vårt svært utsette.
Dei understrekar også kor viktig det er å ta kontakt med banken og anmelde så raskt som mogleg dersom ein blir utsett for denne type kriminalitet. Samarbeidet mellom bank og politi er ofte heilt avgjerande for å sikre pengane. Både privatpersonar og bedrifter kan anmelde digitalt på politiet.no.
– Dess fortare vi får meldinga, dess betre sjansar har vi for å kunne følgje pengane og stoppe dei som står bak. Anmeldelse fører også til at politiet får mest mogleg informasjon. Sjølv om vi kanskje må henlegge ei enkeltståande bedragerisak, vil opplysingane i anmeldelsen kunne avdekke mønster og bakmenn. Nokre gongar kan også andre saker som gir resultat føre til at vi kan ta saka opp igjen på nytt, avsluttar dei.