Kriminalitetsbiletet har endra seg i løpet av det siste tiåret og er no meir komplekst og samansett. Mens talet på melde lovbrot og førekomsten av kriminalitet tyder på at kriminaliteten har minka, er det ein auke innan somme alvorlege kriminalitetsformer.

Kriminalitetsbiletet

Kriminalitetsbiletet i dag viser organisert kriminalitet som ofte kryssar grenser, både mellom politidistrikt og mellom land. Globaliseringa og den auka mobiliteten har verka inn på kriminaliteten. Opne grenser som resultat av Schengen-samarbeidet har gjort det enklare å reise og transportere varer, òg for kriminelle.

Teknologi mogleggjer både tradisjonelle og nyare former for kriminalitet. For eksempel kan ulike internettforum normalisere og rettferdiggjere åtferd for personar med kriminelle hensikter, som seksuelle overgrep mot born eller tilrettelegging for vald og skadeverk. Bruk av kryptering og anonymisering gjer det vanskeleg for politiet å finne brukbare elektroniske spor. I tillegg kan dei mange sårbare migrantane i Europa verke inn på den organiserte kriminaliteten. Spesielt personar utan lovleg opphald og utan gyldige reisedokument er sårbare, og einslege, mindreårige asylsøkarar.

Omgrep og lovgiving

Vi reknar kriminaliteten som organisert dersom han er eit resultat av samarbeid mellom fleire personar. Erfaringar frå Noreg og Europa tilseier at samarbeidet i hovudsak går føre seg mellom meir eller mindre laust samansette nettverk av kriminelle aktørar, heller enn i faste organisasjonar. Desse nettverka kan samarbeide på tvers av nasjonalitet, etnisitet og annan kulturell tilhøyrsel.

Nettverka har ofte store ressursar og tilpassar seg raskt samfunnsutviklinga, ny lovgiving og tiltak frå styresmaktene. Vidare brukar dei i stor grad legale verksemder, har høg teknisk kompetanse og opererer over større geografiske område.

Fleire nettverk som er etablerte i Noreg, er multikriminelle og har betydeleg valdspotensial. Delar av denne utviklinga skyldast vekst i organiserte miljø i Noreg, men i dei seinare åra har politiet òg sett nettverk som heilt eller delvis held til i utlandet.

Ei føresegn om organisert kriminalitet blei første gang introdusert i norsk rett i 2003 ved innføringa av straffelova (1902) § 60a. Bakgrunnen for føresegna er FN-konvensjonen om grensekryssande organisert kriminalitet.

Lovgjevarane meinte organisert kriminalitet var svært samfunnsskadeleg og ønskte at føresegna skulle motverke etablering av kriminelle organisasjonar i Noreg. Føresegna blei revidert i 2013 og sidan ført vidare i straffelova (2005) § 79 c).

Med organisert kriminalitet forstår vi etter norsk strafferett at ei straffbar handling er

«...utøvet som ledd i aktivitetene til en organisert kriminell gruppe».

Omgrepet i norsk rett er knytt til organiseringa av den kriminelle gruppa, ikkje organiseringa av kriminaliteten. Det er ikkje eit krav at dei som gjer den straffbare handlinga, er «profesjonelle kriminelle», men det er heller ikkje nok at kriminaliteten berre er sporadisk. Den straffbare handlinga må vidare ha ei direkte tilknyting til gruppeaktivitetar og passe med gruppa sin kriminelle profil.

Med organisert kriminell gruppe meiner vi

«...et samarbeid mellom tre eller flere personer som har som hovedformål å begå en handling som kan straffes med fengsel i minst 3 år, eller som går ut på at en ikke ubetydelig del av aktivitetene består i å begå slike handlingar.»

Om det er snakk om eit samarbeid, vil avhenge av ei totalvurdering, der strukturen og varigheita til gruppa er relevante moment. Tilfeldige og spontane brotsverk som tre eller fleire personar gjer, blir ikkje ramma.

Straffelova (2005) § 79 c) kan kombinerast med alle straffebod og medfører i utgangspunktet ei dobling av strafferamma. Strafferamma kan aukast med maksimalt seks år. Bruk av føresegna gir ei strengare fastsett straff og kan gi politiet rett til utvida bruk av tvangsmiddel etter straffeprosesslova (1981) fjerde delen.

Rapport om organisert kriminalitet

Rapporten skal belyse kor kompleks den organiserte kriminaliteten er, og kva slags utfordringar dette skaper for politiet med tanke på førebygging og innsats.